Økonomi

Har det vorte enklare å bygge nye fjøs til mellom 20 og 30 kyr?

I Tine registrerer vi auka interesse for å bygge lausdriftsfjøs, særleg i dei områda der driftseiningane er minst. Har vilkåra for bruksutbygging endra seg dei siste åra?

Helge Øksendal

Økonomirådgjevar/fagleiar i Tine Rådgiving

Jo Helge Sunde

Prosjektleiar Storfeprosjekt Vestland

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar Forsking og Fag i Tine

Illustrasjonsfoto. Økonomisk sett har det vorte enklare å bygge nye fjøs til mellom 20 og 30 kyr.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Tidlegare var det ofte svært vanskeleg å få driftsplanane til å “gå i hop” ved utbygging til færre enn 30 kyr. No har dette endra seg, og det blir planlagt og bygd langt fleire lausdriftsfjøs til mellom 20 og 30 kyr, trass i at vi har lagt bak oss ein periode med sterk kostnads- og renteauke.

Kva har skjedd?

Den statlege støtta gjennom jordbruksoppgjeret har auka frå 16,7 milliardar i 2020 til 28,8 milliardar i budsjettet for 2025, ein auke på om lag 72 prosent. Maksimalt investeringstilskott til bygging av driftsbygningar har auka frå 2 millionar kroner til 5 millionar, noko som gjer det lettare å gjennomføre ei bruksutbygging.

Eit døme frå praksis

Vi skal illustrere korleis vilkåra for bruksutbygging har endra seg dei siste fem åra med eit døme frå praksis. Tala er henta frå rekneskap og planar for eit reelt utbyggingsbruk. Dømet i artikkelen tek utgangspunkt i ei utviding til 27 mjølkekyr, 230 000 liter mjølk levert, og sal av tre månader gamle oksekalvar. Gardbrukarfamilien har lenge ønskt å bygge ut, men har slite med å finne den rette løysinga og oppnå tilstrekkeleg lønsemd. I dag, med føresetnadene for 2024-2025, har dei endeleg fått endane til å møtast.

Årsakene er både ein lang planleggingsprosess som har gjeve auka innsikt og nye idéar, men også betre økonomiske føresetnader.

Lønsemd og framtidsutsikter

Tabell 1. Utvikling i 1000 kroner i produksjonsinntekter og kostnader, byggekostnader, investeringstilskot og lånebehov, renter og avdrag samt rest til privatforbruk, skatt, renter og avdrag på anna gjeld frå 2021 til 2025. Prosenttala i den øvre delen av tabellen er prosentvis auke i høve til 2021.

Byggeår

2021

2022

2023

2024

2025

Salsinntekter

1 844

1 987

1 959

2 188

2 238

8 %

6 %

19 %

21 %

Produksjonstilskot

686

719

930

1 140

1 233

5 %

36 %

66 %

80 %

Andre inntekter

59

60

62

64

65

1 %

5 %

8 %

10 %

Driftskostnadar

1 663

1 855

1 801

1 811

1 875

12 %

8 %

9 %

13 %

RESULTAT FØR AVSKRIVING

926

910

1 150

1 581

1 660

Kostnadsoverslag bygg

10 686

11 480

12 460

13 019

13 500

Investeringstilskot

2 000

2 000

3 500

5 000

5 000

Lånebehov bygg

8 686

9 480

8 960

8 019

8 500

RENTER OG AVDRAG BYGG

586

684

719

662

701

REST TIL PRIVAT FORBRUK, SKATT OG ANNA GJELD

340

226

431

919

959

I tabell 1 ser vi at driftskostnadane i 2021 utgjer 64 % av alle inntektene, og denne andelen aukar til 67 % i 2022. Driftskostnadane aukar såleis meir enn inntektene. Når vi lagar driftsplan og skal sjå framover, legg vi i hovudsak dagens føresetnader til grunn. I 2021 og 2022 var framtidsutsiktene på sitt mørkaste, og få utbyggingsprosjekt let seg realisere. I åra etterpå snudde det, og i 2023 og 2024 er sum driftskostnadar faktisk lægre enn i 2022. Dette skuldast særleg nedgang i prisen på handelsgjødsel, men prisane på leige av kvote og diesel gjekk òg ned. I same perioden auka produksjonstilskota monaleg, og mjølkeprisen auka. I 2024 utgjer driftskostnadane såleis berre 53 % av omsetnaden.

Lønsemda målt som resultat før avskriving aukar med kr 750 0000 (82 %) frå 2022 til 2025, men samstundes aukar bygningskostnadene, maskinkostnadene og lånerenta. Sjølv om byggekostnadene aukar, ser vi i tabell 1 at lånebehovet er om lag uendra i alle åra med unntak av 2022. Dette skuldast auka tilskot frå Innovasjon Norge frå og med 2023. Årleg rente og avdrag aukar likevel frå kr 586 000 i 2021 til kr 701 000 i 2025, grunna høgare rentenivå.

Rest til nyinvesteringar, privatforbruk, skatt og anna gjeld

Året 2022 var eit unntaksår grunna galopperande kostnadsauke som ikkje vart kompensert før i åra etterpå. Etter å ha betalt renter og avdrag på bygningen i 2022, har brukarfamilien att kr 226 000 til privat forbruk, skatt og nyinvestering/anna gjeld. I 2025 har dette beløpet auka til kr 959 000.

Har vorte enklare å bygge til 20-30 kyr

Dømet vårt illustrerer det vi erfarer i praksis, nemleg at økonomisk sett har det vorte enklare å bygge nye fjøs til mellom 20 og 30 kyr Det må presiserast at dei økonomiske rammevilkåra for utbyggingsbruka var på eit lågmål i 2021/2022. Utan endra landbrukspolitikk ville utbygging frå bås til lausdrift stoppa heilt opp, i alle fall på mjølkebruk med færre enn 30 kyr. No ser vi òg at nedgangen i tal mjølkebruk minkar.

Slik er det rekna ut

For å finne ut korleis dei økonomiske føresetnadene har endra seg, rekna vi bakover i tid frå 2025 til 2021. For å få eit rett samanlikningsgrunnlag er drifta lik i alle åra. For inntekter har vi brukt salsprisar og tilskotssatsar i det enkelte år. Driftskostnadene er justerte ved hjelp av indeksar frå AgriAnalyse. Utviklinga i rentenivået frå år til år er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), medan sjølve rentesatsen i kvart av åra er justert litt opp ut frå det vi har erfart i praksis. Byggekostnadsindeksar frå SSB ligg til grunn for kostnadsutviklinga for bygningar. For åra 2021 til og med 2024 har vi nytta gjennomsnittlege produktprisar og tilskotssatsar pr. år. For 2025 er føresetnadene som i dag. Driftskostnadane i kalkylen føreset at varer og tenester er kjøpte i det året dei er brukte.